her kjem eit innlegg til dykk som har lege vakne om natta og grunna på korleis det står til med dei stakkars urteplantane eg fòr i frå i tre veker rett etter eg hadde planta dei. (eg oppmodar i farten mine lingvistiske vener til å analysera den førre setninga. form og funksjon! køyr!) no har dei det slik:

dei bur i vindaugskarmen i trappa. huseigar tykte det var “skjønt”. plantane er samde, ser det ut til.

litt fleire enn venta vaks opp, særleg dei som fekk vera ute utan stell i det heile treivst godt. for dei selde meg utemold på europris, gjorde dei! så dei som er inne treng vatn konstant. ja, no er jo forresten alle inne. og treng vatn konstant. det får dei eigentleg ikkje, så dei har nok ikkje så lenge att.

kor mykje oregano treng eit menneske? eg har litt vanskar med å forbruka alt dette. dessutan veit eg jo ingenting om plantane mine, anna enn det eg har funne ut av meg sjølv. at dei drikk hysterisk mykje vatn. eg veit til dømes ikkje kortid eg bør hausta og turka dei. for ikkje å snakka om korleis! eg er elles lett skuffa over rosmarinen. det er ein representant i andre biletet, midt i. rosmarin er litt betre enn oregano, tykkjer eg, og litt vanskelegare å dyrka fram, ser ut til. eg har to like stusselege inne på soverommet. det vesle som er får vera til eit spesielt høve – smalahove eller jolamiddag. og når ein først er inne på jol, gjett om det vert keisame gåver i år då!