ting eg likar, som moderniseringa har gjeve meg:

I: tre i kunstig ljos, som attmed ein lyktestolpe om kvelden, til dømes.

II: byggjeplassar, heisekranar og store ting av jarn/metall generelt. (difor likar eg av og til master òg. det er lov å vera litt inkonsekvent.) særleg likar eg slike ting godt når eg ikkje anar kva dei vert brukte til.

kaiområde er òg bra. eg kom over denne utruleg stygge – men særs fascinerande – jarngreia i Tórshavn.

greia var ein god representant for “enorm ting av metall eg ikkje anar kva skal nyttast til” ei lita stund. så såg eg at båten attmed låg oppi noko liknande, so no er ho avmystifisert. greia er elles mykje større enn ho gjev seg ut for å vera på biletet.