i serien: “stutte soger frå kollektivtrafikken”

når det vert natta, må sjølv me med skysskort betala 60 kroner for å få køyra bybane heim. ikkje stas. om det no skulle finnast ei bybaneferd som er verd 60 haraldur konungur, så er det på ingen måte den ferda som går klokka tre om morgonen.  altfor mange lause ting, altfor myrke krokar, altfor mykje skummelt rot, altfor store flokar. slik einkvan annan ville ha skildra tilhøva.

av og til får ein ferda fritt då, skal seiast. dei gongene ingen står ved dørene for å taka i mot pengar, og det er for fullt for kontroll. det er jamt for fullt for kontroll. i går hadde dei ein likevel, men det var på dagtid, så det høyrer ikkje til her. (det var for fullt for kontroll då òg, så fullt at eg ikkje kunne få tak i studentkortet nedi sekken, og fekk alvorleg tilsnakk)

klokka tre i natt/dag tidleg laut eg altså ut med 60 kroner. det gjekk overraskande greitt. harde kjensler var venta, og eg hadde på førehand mobilisert noko innvendig bitterheit. men så, brått, hadde eg berre betalt, stige på, og funne meg noko å halda meg fast i. eg kjende at eg var godt nøgd, attpå. ikkje det aller minste bitter og tverr på omstenda. må ha vore full, kan ikkje skjøna anna.

etter at eg eit bel har kjent på kjenslene “eg har faktisk funne meg noko å halda fast i, eg er verdas heldigaste kvinne! eg skal aldri nokon gong baksnakka bybanen igjen!”, let eg min forvitne allmenntilstand skoda litt kringom i vogna. her er uvanleg lite folk til bybanen å vera, tenkjer eg. herregud, har ho berre blondetopp og ikkje noko under, nei ungdommen no til dags, tenkjer eg òg, før hjelpes kor gamal eg er blitt no støkk i meg.

så eg sluttar å reflektera kring tilstandane, og berre ser på dei hine i staden. glor grundig på dei, eigentleg, men dei har vore på fest dei òg, så det går fint. dessutan er dei opptekne med sitt. til dømes ungfolen på maks 20 år rett framføre meg, og prosjektet hans for ferda: å få snøret til botns med ei pen kvinne som er om lag dobbelt så gamal. å få følgja med på utviklinga dei to imellom viser seg vera verdt dei 60 kronene og vel så det! eg høyrer ikkje kva dei seier (sjølv om eg verkeleg prøvde, det innrømmer eg. heilt utan å skjemmast), men det ser ut til å gå rette vegen for guten. på kronstad får han halda den pene dama litt i handa, og på wergeland løsnar ho jamvel den stramme frisyra si og slengjer litt på håret.

då måtte jo eg gå av, og fekk såleis ikkje høve til å oppleva kva som hende då desse to skulle av. eg diktar ein fin slutt, helst ein kor kvinna følgjer ungfolen heim til rommet hans i eit rotete gutekollektiv. den alternative slutten kor han guten vert med heim til eit penare strok einkvar staden ute i Fana, er også gjev. det skal, etter kva eg observerte, ikkje vera naudsynt å dikta andre endar på historia enn desse to.