heiter Eli Kari Gjengedal og er meteorolog. medan ho melder vêret gjer ho ting eg godt kan lika, syng heile vêrmeldinga, til dømes. no har ho gjort noko eg trur eg liker endå betre, ho har kjefta på bergensarar i beste sendetid (på ein riksdekkjande kanal):

“Då vil eg få komme med ein liten peikefinger. Spesielt til dåke bergensarar som ikkje hadde skifta til vinterdekk! Kordan går det an å bli tatt på senga år etter år?”

slik skal det gjerast! sjølv var eg truleg (framleis) på ein buss på veg frå Ytrebygda då dette vart sendt, og fekk det ikkje med meg. sidan tv2 er kjipe med videoane sine, får eg ikkje sett det no heller. men eg har bt, slik at eg får ta del i responsen frå Bergen, om ikkje anna! det er jo ein sann fest.