ljoskrysset ved psykologibygget. tidleg kveld, vind med regn i draga.

kvinne 24 (hastar bitter og tverr mot bybanen etter å ha gjort dagens höjdare; gløymt halvparten av treningskleda heime. farvel, yoga nivå 3)
kvinne i flagrande gevantar, 50+ (passerer kvinne 24 samstundes som ho, på austlandsk med tydelege r-ar, dramatisk og med innleving – som har ho øvd, ropar over trafikken: ) Victo-o-oria! Det er ste-e-engt!

Victoria såg eg ikkje noko til. men den eine replikken der (det var verkeleg ein replikk. som om dette ropet var noko ho hadde budd seg på minst eit år, om ikkje heile livet). han gjorde at eg fekk lyst til å sjå resten.