vil eg i dag hengja ut meg sjølv, og den trongen eg har til å alltid alltid alltid spørja om eg kan betala med kort i ‘kun kort’-kassa på butikken. i dag, då eg venta i køa, stod eg jamvel og såg på at ein gamal gubbe vart sendt bort i den andre kassa, fordi han prøvde seg med ein peng i neven. litt av ein tosk, tenkte eg, samstundes som eg fekk litt vondt av han fordi han var så gamal og rar. så er det min tur, og eg berre “betala me kort?”. kassadama døyr litt inni seg, ho har jo nett vore ute for han gubben, men ho held maska, og eg latar som ingenting men er samstundes veldig flau på mi eiga innside. hugsar på veg ut at eg plar sky unna nett dei kassene, men at eg aldri veit heilt kvifor (før etterpå).