“kva er den aller aller vanskelegaste regelen i tysk?”

me snakkar om vêret og eg lærer eit nytt omgrep: “Es ist Schneeregen” (sludd)

“du må skriva playstation TRE, den første playstationen er liksom tretti år!”
så då vert setninga “Ich spiele Playstation drei”. seinare praktisert i oppgåve.

eg fortel at mange tyskarar kjem til Noreg fordi dei tykkjer det er så eksotisk land. alle ler.

“eg fekk ikkje heilt til leksa til i dag, men eg har prøvd”

“så ‘Kinder’…betyr barn? DET ER DET SAME SOM I KINDER-EGG!”

då eg fortel at det berre er tre setningar att å omsetja. forventa respons er “jess, me er snart ferdig” medan faktisk respons er “åh! kan ikkje eg få prøva meg?”.

til slutt skriv eg “die Überraschung” på tavla og så er det bollar.
eg trur somme likte ordet best.