i høgremergen inne på fjesboki går det føre seg så mangt slag. det siste tilskotet er meldingar om hendingar kjenningane mine skal på, som eg korkje er invitert til (“julebord med banken/skulen/kontoret”) eller har det slag interesse for å vera med på (“budsjettkonferanse på BI”). jo, det er vel godt å sjå at venene mine har interesser og liv, sjølv om det er mest keisame interesser og liv. eg liker òg at det er høve for meg å crasha desse hendingane. det kunne jo vera spanande ei gong eg har litt dårleg med interesser og liv sjølv.

der skreiv eg meg sanneleg eit godt stykke vekk frå saka, godt å sjå at eg framleis er stø på digresjonane. eg skulle jo skriva om det som er i høgremergen når hendingane ikkje er der, nemleg reklamen. eg bit sjeldan på slikt, men eg har merka meg at han er der. og eg har merka meg at facebook truleg nyttar ord-attkjenning og profilopplysningar for å finna reklame som høver for den personen som har profilen. såleis får eg mykje boktips og student- og jenterelatert reklame.  mellom dei får eg ein del totalt ubrukelege, som eg ikkje finn noko vitug forklaring på. i dag toppa det seg med den her:

(kven fan er det som ikkje treng bilen sin i kvardagen? me er i Bergen, privatbilismens høgborg) denne reklamen drit seg ut på alle område. og ja, eg ser ironien i den ekstra dekkjinga Tores Auto AS får grunna dette innlegget. det er jo kanskje nokon av dykk lesarar som treng bilen dykkar i kvardagen, og såleis har eg jo hjelpt verksemda med å få kundar.

fyrst: eg har ikkje bil. eg kan ikkje køyra bil. og så lenge det er råd, vil eg heller nytta buss og bane. truleg er det ei lenkje eg la ut, til ei bladgrein om grusing på vossavegar, som har lurt facebookreklamen til å tru at eg liker bil og slikt. eigentleg var eg morosam kring innhaldet i bladgreina.
dinest: det er særskriving i overskrifta. det er endå to tilfelle av slikt i resten av teksten. og dei har skrive “Laksevåg” feil. dei har ikkje nytta korkje “å” eller “og”, og det skal dei helst vera nøgde med. for si eiga skuld.

truleg er det den ord-attkjenninga som har skulda for at eg får slikt rask på profilen min. eg har jo skrive dette:

“orddelingsfeil! det har me mengder av! her kan me appellera maks!”