har som følgje:

potetgull
kokosbollar (so langt er alt som det plar. ja, berre i helga då, mamma)

ein fancy munkholmbayer (ikkje heilt uventa på ein fredag det heller)

rosiner (på impuls, men er snart tom. godt dei hadde sett fram ein enorm stabel godt synleg så eg hugsa det)

og eit granateple! det kosta berre 14 kroner, og eg vart rive med i augneblinken. eg veit ikkje korleis eg skal gripa det an. no ligg det og godgjer seg inne på kjøkenet. trur eg sparer det til laurdagsgodt og satsar på at det innfrir til forventningane. rapport kjem!