eg skal til sjølvaste hovudstaden og vera der heile helga. det både kan og vil gå kraftig ut over jolekalenderblogginga. heldigvis kan de trykka på “jolekalender”-merkene borte til høgre. det er to, for eg har skrive det litt forskjellig…då kjem de til alle dei tidlegare jolekalenderane, til dømes den i fjor, som var skammeleg bra. når de er ferdige med det, kan de ferda innom til marianne, som også køyrer god stil. om de vert ferdige med det òg, er det truleg måndag. då vert det overkompensering her inne, for å ta att dei tapte dagane. man, enjoy! som det heiter i songen.