oppvarming: snu bil i tunet med rein muskelkraft. ha 20 cm klaring mellom hekken og portstolpen til ei kvar tid. dytt bilen att og fram, til slutt ut porten og ned brekka. 20 min.

styrke/koordinasjon: snjofjøl. viktig å ta minst ein lite gjennomtenkt tur under heisen, i laussnjoen altså. finn ut at laussnjoen er meir enn ein meter djup, og køyr inn i små bjørker sidan du allikevel er på djupt vatn (frose). køyr gjennom brettparken utan å gjera eit einaste triks. to timar.

uthald: gå impulsivt ut på diskoteket om kvelden 2. joledag. kom så seint at det i praksis kostar hundre kroner i timen å vera der, og stadfest at du burde ha drukke meir. og kledd deg meir sjuskete. og hatt ein ting for overstadig rusa menn med bleika hår. i denne økta er du fri til å gjera nett det du vil, for du kan aldri toppa dei andre sitt lågmål uansett. dans til gapen musikk og drikk masse vatn (men pass på at ingen har sleppt noko oppi. ver lok på andre sine glas og ditt eige). sjå på dei andre og ver nøgd med deg sjølv og venene dine. 2,5 timar.