grunna moderate oppvakningsvanskar i ferien, har dei tidlege arbeidsøktene mine lagt seg parallelle med programmet “bestevenn” på p3. diverre, kan ein seia, og det gjer eg. sendinga verkar sitja att med slagget etter at dei andre programma har sett opp spelelistene sine (de må vera tidlegare ute, gutar!). difor må dei også laga ein del av musikken sin sjølv. diverre. grunnen til at eg likevel utset meg for dette mest dagleg er sjølvsagt “hjerteknuser”-coveren til moi, som vanlegvis vert spelt kvar time. også er spalta “private talk” litt morosam, viss ein lukker øyra litt når jingelen kjem. i spalta les dei opp frå dagbøker og brev og slikt. veldig flaut. og litt fint då Andrea från Stockholm las autentisk og usendt (svensk) kjærleiksbrev.

så kom eg mine eigne dagbøker i hug, då. eg kunne skriva tåle bra nokså tidleg, og har soleis sporadisk skrive dagbøker frå åtteårsdagen min og opp til i dag. dog særs lite etter gymnaset, noko som er skammeleg synd, sidan det er først no at eg tykkjer dagane mine har nedskriveligt innhald. det går i den same tralten gjennom heile den første dagboka, som går føre seg på barneskulen. ekstremt mykje skule og fotball. i samband med sistnemnde har eg berre skrive om ein siger! på sju år. men me heldt ut, fekk trass alt diplom kvart år. av og til glimtar eg til med litt betre greier, og dei skal eg sjølvsagt blottleggja her! god lesnad:

Søndag 5 juni (1994 – 8 år)

pål og Eg klupte plenen
det vart ein stor haug med gras
etter middag var det sircus på vangen og
der var det nokkon rare Klovnar som skolle spela
den eine hadde so store sko.

HELSING IDA (blomar rundt)

eg skreiv “Eg” slik med stor bokstav ganske ofte og langt opp i barneskuleåra. teiknsetjinga er mildt sagt elendig, så eg freista å setja teksten opp slik at det vart leseleg.

Søndag 12 juni (1994 – 8 år)

Eg bjynte på og perla et fint perlebrett
men eg vart ikkje heilt ferdig.
det vart ikkje barne TV pågrunn av streik.
me var ein tur i skogen og Eg møtte 3 tamme lam
dei kom og saug på fingen min.
og når me kom heim laga Pappa ei huska.

Helsing IDA (hjarter rundt)

ikkje barnetv på grunn av streik?? godt pappa veit råd. pappa er i det heile teke veldig sentral i denne boka. det er han og bror P og eg, og ymse utandørsaktivitetar. truleg fordi dei to sistnemnde var litt balstyrige å ha inne.

ONSDAG 29 juni (1994 – 8 år)

me skal på ferie til Danmark, og eg skreiv dagen før at no “blir det lenge til neste gong Eg skriv i boka”.

Eg har ombestemt meg
og har tenkt og ta med meg denne boka til danmark
for Mamma vil Eg skal det og Eg har tenkt Eg vil det.
Eg håpar det vert fint ver snart

Helsing IDA (hjarte)

mamma har ombestemt meg. og eg var tidleg ute med setningar som var for mykje for meg å handtera.

ONSDAG 6 juli (1994 – 8 år)

Eg var på Djurs sommar-Land og ilag med Kristine
og me kjøyrde ein båt og såg ein stor ape
eg fekk ei fjør og band av ein høvding!

Helsing Ida (teikning av ei vassklie og ein hest)

det kjekkaste eg har skrive frå Danmark. eg har ikkje skrive så mykje dei dagane, så det var truleg ein fin ferie kor eg gjorde mykje anna.

Torsdag 6 september (1994 – 8 år)

Eg var på skulen og Eg var på elev råd.
nesten som eit møte. og det var bokbuss seinare
Eg har ommøblert rome mit og

her greier eg å skriva “ommøblert”, og har eigentleg skrive “eg”. så har eg retta til stor E med blå penn ved eit seinare høve. jaja.

Fredag 3 Februar 95 (8 år)

Eg har fått ein bror.
han er fin men han er på sjukehuset no.
det er Mamma og
snart skal dei heim
det gleder eg meg til.
det var general prøve på skulen
for det er snart årsfest!

HELSING IDA
(teikning av eit kor)

klart beste innlegget i heile boka!

12 Mai 96 (9 år)

IDAG VAR EG OG PAPPA PÅ STRANDA (På Halsnøy)
DER FANN EG 2 SMÅ KRABBER OG EIN EREMITTKREPS,
OG MANGE FINE SJEL.
DET VAR EI LITA STUND TIL MIDDAG
SO EG Og MONIKA GJEKK OPP TIL MONIKAS KANINER
(HO HAR 2)
SEINARE REISTE ME HEIM TIL VOSS

Helsing Ida

(ME REISTE TIL HALSNØY FORDI MAMMA SKULLE SYNGE PÅ EIN KONSERT DER.)

mamma, kem e Monika?!

Torsdag 16 Mai (1996 – 9 år)

Idag var eg på tur i skogen med Bestemor og Bestefar
og eg fann masse fint i ei gro.
so fann eg ei ca så (illustrasjon) stor vefkona.
so var eg i klubben vår, og so måtte eg vaska Håret.
Eg gleder meg til i morgon, for då er det 17 Mai, Hurra!

IDA

dette med å finna fine ting i groer (grør?) held eg framleis på med.

30 Januar 1997 (10 år)

for innvidde treng ikkje dette biletet nokon kommentar. for uinnvidde: teikneseriefigurane til bror min og eg! “Minnmann” er oppkalla etter ein trall bestemor ofte song: “min mann, dansa fram…”. han er gift med Fru Hersli, som ikkje tolte nokonting og svima av heile tida (ho var difor alltid passasjer viss me leika med tretogbanen. svima av i kvar sving). bestevenen til Minnmann er Tjukken. klovnane hugsar eg ikkje… Kalle B og Kalle E sine fulle namn er Kalle Begynnelsen og Kalle Enden, fordi dei ligg i kvar sin ende av senga. handlinga i seriane var alltid veldig barnsleg.

ein dag eg verkeleg vert privat, kjem 2. mars 1997. me snakkar seriøst langrenndame-crush (ser ikkje ut til å ha vore så langvarig). sjukt flaut formulert, så det vert lenge til.

neste gong eg er heime, skal eg rota fram det nedskrivne frå ungdomskuleåra! det er sikkert ikkje så mykje betre enn andre mars nittisju; potensielt særs underhaldande lesnad, altså.