for stygglenge sidan sende Fridtun meg ei av desse bloggutfordringane som vagt kan minna om dei kjedebreva og Hermankakene me sende kvarandre på nittitalet. eg har fenge ei slik utfordring før, og henne er eg framleis ikkje ferdig med. det var vel å seia sju ting om meg sjølv som eg ikkje trur andre veit. eg har so langt skrive om to, men eg reknar med dei fem andre vil koma av seg sjølv, med tidi.

den nye utfordringa trur eg at eg evnar å skriva i berre eitt innlegg. eg har trass alt fenge godt tid til å fundera over oppdraget, og det har eg gjort òg, sidan det var skulefri.

oppdraget er, slik Fridtun teiknar det hjå seg:
“Eg skal nemna tri skaldar som eg likar godt, draga fram éi bok – av kvar – som eg likar serskilt godt, og so gjeva fem andre vevritskrivarar den same uppgåva.”

det seier seg sjølv at dette trong ein god månad, sjølv om alle dei tre eg enda opp med var sjølvsagte frå dag ein. her er dei:

Agnes Ravatn

/kvardagsheltinna. her saman med krydderkattane i vindauga.

det er ikkje nett slik at eg har ei favorittbok her. eg liker elskar alt denne kvinna skriv. gjev meg handlelistene hennar, og eg skal vera lukkeleg! skal eg likevel dra fram eit høgdepunkt i forfattarskapen, trur eg det må verta skattesmell-serien frå Dag og Tid i sumar? i fjor sumar? dette var so god lesnad at det berre er til setja seg og venta på bokutgåva. eg gjer.

Leo Tolstoi

ogso her er det nærast umogeleg å trekkja fram ei bok føre dei andre. men det er jo ein grunn til at folk les Anna Karenina, for å seia det slik. sjølv tok eg til å lesa Tolstoi av di eg ville ha ei real utfordring på litteraturfronten. slik sett vart eg litt skuffa, for dette er ikkje tungt og myrkt i det heile, slik eg venta. det er rett nok trasige lagnadar, krig, daud og vanskeleg kjærleik i stort monn, men det er formidla i fine skildringar og eit mykje enklare språk enn ein ventar seg av ein russar. utfordringa er vel meir at det er valdsamt lange bøker. det slær meg ogso at Tolstoi skriv ekstremt kvinneleg, men det var kanskje den utbreidde stilen i dei dagar. det er mykje varme her, om eg skal uttrykkja meg litterært. det ser eg at eg ikkje skal. fascinerande er det vertfall, eg trur det er ein freistnad på å treffa både kvinner og menn. i Krig og Fred er dette so gjennomført at ei viss mengd krigskildringar vert fylgt av ei like stor mengd skildringar frå hus og heim (sipping over – og venting på – menn). slik vekslar det heile verket igjennom.

språknerden vil råda eventuelle interesserte til å få tak i so gamle utgåver som mogeleg. her er det mykje plass mellom orda, so det er godt å lesa. og ein kan kjenna med fingrane at bokstavane er trykte inn i papiret. og so er jo gamalt bokmål særs fint og finurleg.

eit direkte herleg drag med Toltoi-bøkene er at omsetjarane har sett inn masse fotnotar for å gjera greie for ymse ord og omgrep, russiske tradisjonar, russisk kultur og liknande. ein av dei beste eg har kome over er denne frå Krig og Fred. her er det ein uomsetjeleg vits det vert greia ut om:


beint i hjarta.

Inger Bråtveit

Siss og Unn er den boka eg sjølv skulle ha skrive, viss eg skulle ha skrive ei bok. det er det ikkje lenger naudsynt at eg gjer. nett slik skal ei bok vera. sjølv om det er ei lita bok er ho nett passeleg stor for seg sjølv, slik som mauren. og ho er skrive på både norsk og svensk og med litt danske sitat imellom, som om det er heilt sjølvsagt, og det er det jo. og ho handlar om to venninner som har det vanskeleg for seg sjølv og saman og i heile teke.

og bileta er dei finaste eg har lese.

so. då var eg ferdig med oppdraget. eg driv jo eigentleg ikkje med kjedebrev, so eg utfordrar ikkje nokon andre. dei som kjenner seg kalla kan jo slå seg laus om dei vil.