i eit halvt år no. eg går ut og lèt som det ikkje gjer noko. tenkjer at det skal jo vera regn i Bergen. tenkjer eg kanskje kan lika ruskevêret betre viss eg bruker det til å øva meg med nyekameraet. eg har jo funne svart/kvit-funksjonen og alt. midtvegs over brua tek den overtydinga varsamt til å sleppa taket, det er berre kaldt og vått og bale. har gløymt vottar. og det er eigentleg for mykje regn til å ta bilete.

eg går litt rundt i det stusselegaste strøket i byn (slik at det skal vera heilt greitt å ikkje lika ruskevêret når eg kjem heim att). der var det jo som venta nokså lite å ta bilete av. mest skabbete hagar og byggjeplassar. mellom dei alternativa var byggjeplassane finast, dei hadde jo kraner. difor: kran-kavalkade frå puddefjorden:

(ein gamal kjenning frå då eg budde i stroket)

(kran-restaurant!)

neste ferd: skabbete hagar.