dette skulle vera eit innlegg kor eg delte fagre sitat frå ein pensumtekst eg las i går. eg tykte det var ein kjekk tekst då, men ikkje no lenger, og eg finn ikkje att det eg hadde merka meg som deleleg. eg hugsar ikkje kva det handla om ei gong. eg skulle også eigentleg vore på trening no, men trudde klokka var ein time mindre enn ho var for ein time sidan, og vart for sein. eg kan ikkje nytta den ubrukte treningstida til meir pensumlesing, endå det vitterleg trengst, sidan eg no har kome til eit punkt på dagen kor eg berre får til praktiske/fysiske (trening) eller kjekke (fjernsyn, fjas) ting.

ein kjekk ting kan jo til dømes vera å introdusera dykk for ein av naboane, i eit særs sjølvtrøystande blogginnlegg. (etterpå må eg gjera noko anna eg kan godt, til dømes skriva sarkastiske eller bitre nynorsktekstar til eit enno løynleg prosjekt. helst vil eg gjera denne ettermiddagen omatt frå om lag klokka 16, då det tok til å skjera seg. samstundes som eg gløymde å drikkja kaffi.)

nuvæl. her er naboen. ei kjette, trur me. nabofolka har, i motsetning til oss, lov til å ha dyr. dei har smurt unødig tjukt på med både ho her og ein hund av ei mindre attraktiv rase. har sikkert undulat og ponni òg. me vert minna på kor heldige dei er kvar gong me ser ut glaset på kjøkenet (og rett inn til dei, underforstått). der plar kjetta sitja og syna seg fram i vindauget, samstundes som ho glor intenst. jamfør biletet:

han eine eg deler husvære med, trur kjetta stirer slik på oss av di me et, og ho er svolten. so me kallar ho Sveltastiro.
(i fall nokon no vart uroa for helsa til nabodyra, kan eg melda at eg har observert kjetta eta. ho får mat i vindaugskarmen òg. truleg den eigentlege grunnen til at ho sit der so ofte. )