eg har skumma meg gjennom “Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet
dei har rydda opp høvesvis greitt, tykkjer eg. mykje samnorsk-ròs er teke ut. dei fleste nynorsbrukarar vil ikkje merka so mykje. nettnerdar med mykje klammeformer får det verre. mykje av verbbøyinga mi ligg langt utom det tillatne i framlegget. ogso skulle det gripast noko urovekkjande inn i samsvarsbøyinga, verkar som. valfri samsvarsbøying, slik som bokmålet tøysar på med?! eg las ikkje nett det so nøye, var litt seint på kvelden. berre det ikkje fører til at me får former som “dei er flink” med tida, so.

i-målet og skiljet mellom sterke (brui) og svake (jenta) hokjønnsord skal ut or norma, noko eg både skjønar og ikkje er samd i. skjønar det fordi mest ingen nyttar det. samstundes var det vel ingen som hadde så veldig store vanskar med at det berre stod der i ordlista heller (med klammer rundt)? tykkjer det er leitt fyrst og fremst av di eg har desse formene i talemålet mitt (det var det ingen som sa meg før eg var vaksen, so eg nyttar det ikkje so mykje. vart aldri naturleg, men kunne godt vore det). dinest av di dei formene syner kvar nynorsken kjem frå, noko som t.d. gjer det enklare å læra om norrønt og øynordiske språk. men gruppa menneske som held på med slikt er vel også for marginal til å vera eit godt argument for å halda på i-mål. eller vent no litt – den gruppa inkluderer vel alle norske elevar i vidaregåande, som skal læra om språkhistorie?

nuvæl. undervegs i lesnaden noterte eg meg ord eg vil sakna. bøyingsmønster får eg koma attende til seinare, når eg tek til å slita med dei for alvor (og om dei slær igjennom). somme av sakn-orda nyttar eg aktivt, andre er berre med fordi eg tykkjer dei er vene å sjå til, eller eg har eit eller anna uavklart, men nært, tilhøve til dei:

ikorn
tunn
kvåe
ovund
tog (= tau)
ty (senge-)
bed (blome-)
råme (sånn som bilete er inni)
tøma
natekrake (nate- går ut)
gimber
medel (-klasse)
motig
skjeggut (ut-endinga fer)
skjema (i bunden form fleirtal)
fråvere (- vere går ut, må skriva -vær eller være i staden)
honom
fenge
gjenge

so ein kommentar til overskrifta. frå no av skal det berre heita “ein blekksprut”. no er ikkje “ei blekksprute” eit ord eg kjem til å sakna sårt, men herregud, kor eg skulle ynskja eg kjende til den forma tidlegare! kor fin og morosam ho er!