ei underleg kjensle av samanheng i tilværet: lesa over føreordet til «Semmelweis» av Bjørneboe, samstundes som ein høyrer Honningbarna med «Den eldre garde» på radioen. litt vanskeleg å få tak i teksten på sistnemnde, soklart, men eg trur hovudbodskapen i dei to tekstane er mest heilt identisk.

og attmed heisdøra er det ein liten raud ljosprikk som fer att og fram, nedst i ein firkant.

Advertisements