når det er ustadig vêr som er heilt likt meg. avsløring og framføring av alt eg løyner og vil ha i fred, i – og med – guds frie natur. og då hjelper det ikkje ein gong med dei småe hola med sol, for det er so kleint å ha eit slikt biletleg tilhøve til vêr og klima. det er sjølvsagt ikkje mindre kleint å skriva det. difor seier eg at det var regnet som byrja. for eg fylgde berre uviljug med inn, etter kvart som væta og myrkret vara og dreiv på. frå september, og det driv på enno. med nysnjo om morgonane og bussar som må køyra seint på glatte vegar. og motvind heile vegen heim over haugen. då er det greitt å skriva pinsamt. og seia orsak heilt til slutt, i fall det ikkje var regnet likevel, men eg, som byrja.

orsak for all snjoen de har måtta måka, for straumrekningane, for bilen de ikkje fekk starta, for alle bussar og banar som ikkje gjekk den dagen bilen ikkje starta, og for at de framleis må gå med stygge ytterkle, når det eigentleg er vår for lenge sidan. eg prøver.