det fanst ei kvardagsheltinne i 60-åra òg. ho heitte Eldrid Lunden, og nyttar to sider i Profil nr. 4 – 1967 til å diskutera vera ufin med lyrikken til Peter R. Holm. her er diktet, med eit utval kommentarar frå Lunden nedom:

DET Å STUPE I HAVET

Å forlate svabergets
sekler av sten, å strekke
seg ut i hver negl, det å
stupe i havet er å tenne
et øyeblikk som funkler
av kjøligblå ild, er
å fange bildet av oss selv
bare for å splintre det
mot dette større i oss,
vår egen uros skjelv
over skjelv, havets
stadig dypere røtter
Efterpå, med vidåpent
blikk å stige
gjennom lysnende
himler av sjø, brått
speider vi inn
i luftens skyhvite
nyhet og gjenser verden
for første gang!

“Først kan ein lese diktet i tradisjonelt kulturelt alvor, gje eit resymé av det omlag slik: Som så ofte elles prøver forfattaren her å gje ei daglegdags hending eit større perspektiv […] Sjølvsagt er det ikkje noka innvending mot forfattaren at dette har vi høyrt før. Lyrikarar seier skjeldan noko som vi ikkje har høyrt før.”

“det [er] noko med biletvalet i diktet som pressar fram eit reaksjon hos lesaren som vel ikkje er tilsikta, men som ikkje dessto mindre kan peike på noko viktig. For, – kven ser ikkje for seg nemnde forfattar, på det ytterste skjer, med krokete kvite tær og bustet hår, iferd med å forlate “sekler av sten” for å splintre si sjølvoppfatning med pannebrasken?”

“Men kvifor vert dette diktet uekte, eller rettare sagt, komisk? Etter mi meining fordi det ikkje går noka fornuftig forbindelseslinje mellom den konkrete situasjon i diktet og det meiningsinnhald som diktet skal uttale. Sjølv om ein har velutvikla vannskrekk, så trur eg ikkje det nettopp er på stupebrettet ein opplever livstvingande erkjenning. (Dersom dette diktet hadde fortalt om ein reell angst for det å få hovudet under vatn, så kunne det fungert betre.)”

“Når ein veletablert lyrikar som P. R. Holm publiserar [sic] dikt av denne typen, ligg det nær å spørje om forfattaren nokon gong kan ha “stupt i havet”, – om diktet derfor avslører trekk ved heile hans forfattarskap?”

“Eit gjennomgåande trekk hos P. R. Holm er ein veldig avstand frå den reelle natur eller den konkrete situasjon, som han hentar symbol og bilete frå, – til det sinnets landskap som han freistar uttrykkje. Det verkar som om forfattaren vandrar og vandrar i naturen utan nokon gong å få kontakt med den – som om straumføringa mellom forfattar og natur er feil kopla. Oftast er det ikkje naturen som løyser ut noko i forfattaren, det er denne som kjem berande med sin lengsel og smerte, utløyst i eit anna landskap, (diverre får vi aldri vete kvar) og så henger han kjenslene frå seg i trea og set seg til å glo forelska på dei.”

“Ein framand i verda har P. R. Holm sagt at han er. Javel, ei slik kjensle kan utløyse dikting.”

“Dersom det nå skulle vere slik som eg trur, at Peter R. Holm skil seg lite frå andre badegjester i Oslofjorden, skulle det då ikkje vere på tide at norske kultur-kritikarar planlegg ein ekskursjon t.d. til Huk, med innlagt “havstup”, for å erfare om Holms selsomme beretninger medfører riktighet?”

eg vil no setja både verdi og alle himmellekamar i rørsle, for å få eit bidrag frå Lunden til neste Dagverd.