eg les stilar og får lyst til å gjera nesten alle oppgåvene sjølv. særleg oppgåve 1:  Vedlegg: “Når du er deg sjølv, kva form tenker du på deg sjølv som då?” av Gunnhild Øyehaug. ta utgangspunkt i overskrifta og eitt av punkta frå a) til og med g) (kvifor ikkje h)? det kunne jo vore interessant), og skriv ei novelle eller eit essay. bruk dei første orda i punktet som tittel.

sidan bloggen for tida er stengd for gugelsøk, er eg vill og galen nok til å publisera heile vedlegget, sjølv om det ikkje er lov i det heile. vert det vanskar og rettslege fylgjer, vil eg freista sno meg ut av dei ved å syna til den tida (~ 5 lange minutt) det tok  å skriva inn og formatera teksten. at det ligg ein viss innsats i dette.

etter teksten kan de anten svara Gunnhild, eller svara på oppgåva, eller begge deler. eg er naturlegvis særs tiltrukke av f), som er det finaste og tristaste biletet (svar til Gunnhild), men som inspirasjon til tekstskriving ville eg mest truleg valt g) eller d). eg får litt dårlege frysningar på armane og oppetter ryggen når eg tenkjer meg ei novelle skrive ut frå f).

Gunnhild Øyehaug

Når du er deg sjølv, kva for form tenker du på deg sjølv som då?

a) som ein kileforma kjerne av mørker

b) som eit knallgrønt, sjølvlysande objekt

c) som eit knallraudt hjarte som dunkar på ein synleg måte (ikkje eit slikt hjarte som ein teiknar opp, og som ser flatt ut, men eit slikt hjarte som er ekte og ser ut som ein knyttneve eller ein blekksprutkropp, og som fyllest av blod (blir større) og sprutar blodet ut med eit voldsamt trykk (blir mindre), og som ein liksom ser frå alle kantar, om lag slik det er i TV-dokumentarar der dei viser gamle statuar eller objekt frå arkeologiske utgravingar, og dei snurrar liksom sakte rundt, slik at vi kan få sjå dei frå alle kantar, i eit mørkt rom, berre objekta er opplyste. “Eg sjølv”, mitt inste “meg sjølv”, kjem altså snurrande sakte som eit opplyst, dunkande hjarte i eit mørkt rom)

d) som ein strek som går i sikksakk, i ein slik svartgul farge som lysande objekt eller strekar/former har når ein lukkar auga og trykker med fingrane på dei

e) som den forma ein slangehals (i den grad ein slange har nokon hals) har etter at han har svalt ei pungrotte: utbulande

f) som ei stor einsemd som ikkje har noka form, eller til nød som eit fjellvatn som ligg så langt oppe at det berre blir besøkt av menneske eit par gonger i året, knapt, og som det ligg store klumpar av is i, heile året

g) som ein Swix teleskopstav til 649 kr

h) ingen av desse