det vondaste eg har sett på fjernsynet, i tilfeldig rekkjefylgje:

sjätte dagen:  ein beint gjennom skitekkel svensk serie som gjekk på nrk kring tusenårsskiftet. dette var ille! handlinga var litt uklar, vertfall no, ti år etter, men det var spanande, myrkt og trist: mellom anna var det ei som vart drept og ei anna (eller den same?) som vart inseminert! rulleteksten til slutt var det allra jävligaste. det er nesten ekstra ekkelt at serien var svensk, då alt anna frå dei kantar er kjempekoseleg, til og med krimmen. (mamma, kvifor fekk eg sjå på dette?!)

amatøranimasjonsfilm: vart synt på HeiaNorge eller eit liknande program, då eg var sånn kanskje 7-8 år. filmen var laga av ungdommar, og så vidt eg kan hugsa vart handlinga framstilt av modellkittfigurar og teikningar. denne handlinga var vidare veldig valdsam, med mykje blod. modellkittfigurane miste hovudet på brutalt vis og datt ut av eit høgt (teikna?) hus. dette gjorde so sterkt inntrykk på meg den gongen, at eg vart redd og måtte få trøyst av far min som sa at det berre var på film.

mr. Bean-episoden med babyen: dette er ikkje min humor! omsorgssvikt som laurdagsunderhaldning? eg tykte so synd på den ungen, og på mora til ungen. spesielt vondt var det då mr. Bean lèt ungen sitja i den postmann Pat-bilen i timevis (slik hugsar eg det). det var jo ikkje noko morosamt! eg trur dette minnet er direkte ansvarleg for at eg den dag i dag ikkje toler slike postmann Pat-bilar, og alle liknande innretningar som ein puttar pengar på og set ungane i for at dei skal ha det kjekt. til klovnete og særs mentalt forstyrrande musikk. fri og bevare meg vel.