eg gler meg til bergenfest, for marina and the diamonds har laga festleg pop av allverdas skit, keisemd og elende. viss ein omset det til svensk, blir det raymond & maria. (innvendingar som “jamen musikken til r&m er mykje rolegare og ikkje slik mainstream pop, det liknar jo ikkje i det heile” parerer eg med “vesle ven, du må skjøna at heile det musikalske uttrykket vert omsett til svensk då, sant. då må det jo enda opp i visepop, elles vert det jo ikkje svensk”) songen frå klyppet over har t.d. mykje sams med “hur andra människor bor”:

men jag vet din stora hemlighet
att du inte tror att lycka är en tidning
om hur andra människor bor
[…]
var inte rädd att tro på något
är världens bästa drog

eg kan sjølvsagt lett trekkja liknande trådar mellom mest alt eg har høyrt av musikk. laga samanhengar som er like gyldige som sambandet raymond & marina & maria & the diamonds mellom alle songar eg kjenner. det er lett. slik kan eg visa til dei universelle emna ein tek opp i musikken, alt handlar om det same. og i same slengen lata alle trådar ryka fordi dei er for svake allikevel – og visa til ingen samanheng i det heile – nett difor. – dette var ein freistnad på sjølvkritikk, men det gjekk rimeleg dårleg. han vart like utydeleg som eg meiner dei er, dei  samanhengane eg lagar mellom ulike kunstuttrykk eg har nærleik til. dei gjev jo berre meining for meg.

(meta: det er altså slik eg sorterer ting inne i hovudet. noko eg deler med mange, om eg skal tru lærebøkene i pedagogikk. me som knyter alt nytt til det som allereie er der. sambanda er naudsynte, og såleis ofte svake og/eller hysterisk kreative. eg veit ikkje om det er heilt bra. burde kanskje tileigna meg eit ryddigare system.)