(eller -sosiologi. eller tant og fjas.)

det er vossajazz att, fyrste vårteiknet! eg arbeider sjølvsagt i år òg, jamfør grovinndelinga 35 minus/pluss, som eg gjorde greie for i samband med jazzen i 2009. ho går ut på at alle vossingar under 35 arbeider på festivalen (for dei har ikkje råd til å kjøpa billett), medan alle vossingar over 35 kjøper billett og festar tre dagar til endes. slik ser det i alle fall ut for meg, frå røykedøra/billettbordet/nødutgangen.

ja, for om det ikkje allereie er klårt, så nyttar eg all mi medarbeidartid på å observera den spanande gruppa på 35+. litt fordi eg må (“passa på at alle har det skøy”), mest fordi det er underhaldande. tiåret 35 -45 er mest interessant, for denne aldersgruppa har eg forsvinnande lite kontakt med elles. det er såleis litt synd, for dei, for då vert heile oppfatninga mi om denne gruppa tufta på det inntrykket dei gjev meg på jazzen.

dei kjem heldig ut av det, likevel. dette tiåret verkar så tvert gjennom lukkeleg, når dei er på jazz. dei har det skøy heilt av seg sjølve, og fylgjer alle reglar som er. viss du som medarbeidar ikkje veit om nokon stad dei kan kjøpa pizza klokka to om natta, får du trøyst og venlege ord. dessutan kjem dei attende til deg med informasjonen, når dei har funne ut av det. på dei siste konsertane står dei i små gjengar og dansar litt forsiktig (for å ikkje plaga dei andre?). når dei går heim, er dei i ganglag og konversasjon vortne 18-19 att. dei er fine å fylgja med på.

no. det positive inntrykket av jazzarar mellom 35 og 45, er nok ikkje så reint lite påverka av dei meir balstyrne jazzarane over 45. som nemnd har eg ikkje noko særleg kontakt elles med den førre gruppa. jazzarane over 45, på hi sida, er nesten utan unntak foreldra, barnehagetantene og lærarane til medarbeidarane. dei får såleis eit stort problem med respekt når rollene byter. denne gruppa lagar fælt mykje reglar sjølve. eller viser til reglar som fanst før medarbeidarane vart fødd (“jamen, i 83 var det lov å gå gjennom her?”). dei toler ikkje alkohol lenger, men det har dei ikkje funne ut enno. på hi sida har dei lang jazzrøynsle, og er (om dei finn seg i å nytta ein annan inngang enn den dei var innstilte på) særs gode til å syna fram festivalbandet sitt. det er då noko. det er faktisk ganske bra.