eg ser at dei beste bloggane har påskeunderhaldning, salmekviss til dømes. (eg nemner denne kvissen for å skryta av at eg hadde rett på eit spørsmål, udøypt som eg er og alt.) når eg kjem over så bra greier, får eg litt dårleg samvit for å ikkje engasjera mine eigne lesarar nok. samvitet vert så avløyst av ei kjensle av å ikkje strekkja til i kviss- eller påskenøttsamanheng, for inkje om eg kjem på noko i nærleiken av ein salmekviss!

det gjer heldigvis mor mi. her kjem ei rundspørjing ho og eg tilfeldigvis laga for eit lite bel sidan, då me åt føremiddagsmat. rundspørjinga har ikkje noko med påske å gjera, i alle fall ikkje i utgangspunktet. her går det i måling av hus, som mor mi skulle til med etter maten. eg vel å skriva samrøda mellom mor mi og meg om lag slik ho var, og markera ut spørsmåla etter kvart:

anonym mor: det kunne vore kjekt å laga eit slags oversyn over kva folk bruker [til å turka opp søl o.l.] når dei målar (1). her bruker me gamle sundrivne laken!
ida: ja, og kanskje òg kva dei har på seg når dei målar (2)!
(mor mi var – til opplysning og inspirasjon – nett då kledd i ei oransje selebukse og ein hettegensar det står “skulestad skule” på.)
anonym mor: og så kva dei bruker gamle handkle til (3)! kastar dei dei? eller vert dei klypt opp til klutar og slikt?

det er då i alle fall lett! sidan det er mykje slekt her inne, er eg særleg spent på om det er mykje avvik mellom oss på spørsmål 1 og 3. eg vil tru me er oppvaksne innanføre same måletradisjon. men har me utvikla han? eg har ikkje; eg bruker gamle laken, og lagar klutar av gamle handkle. og eg plar ha på meg ei vid dongeribukse som toler det meste, og ei utslite t-skjorte. særs lite nyskapande.