siste tilskot i ordlista får eit eige innlegg, sidan det er eit aktuelt ord no i påskedagane:

kattaspyføre: omgrepet er truleg frå 60-talet, og skildrar slikt skiføre som vekslar raskt mellom god og dårleg glid. nokre få meter skare fylgt av nokre få meter djup laussnjo til dømes.  det vert vanskeleg å halda balansen, og når ein skrir på slikt føre, rykkjer ein att og fram som ein uvel katt.

biletet er villeiande