ein skibuss køyrde av vegen ved Gjerskvål tidleg i ettermiddag. sjåføren meinte den yngre bror hans medverka til uhellet, då sistnemnde hadde gjenge etter gangvegen og ånsa seg då bussen køyrde forbi.

her til gards lagar me gjerne korte nyhende av hypotetiske hendingar. dei etterliknar dei notisane ein finn i mergane i lokalavisa, eller tilsvarande frå vestlandsrevyen. dei er soleis to-tre setningar lange, og vert framførde på radionynorsk. kvardagskatastrofer er best eigna, utfallet bør verta slik at ein får nytta vendinga “stygt kvesta”. ein kan godt verta stygt kvesta av å bera tungt, laga kaffi, eller snubla i eit slikt nett ein har over ripskrakane, det skal ikkje så mykje til.

nrk gjekk i går til sak mot ein familie frå Voss. familien er skulda for å ha plagiert sendingane deira over lengre tid. familien hevdar dette ikkje dreier seg om anna enn særs intern humor, og nrk har no sett ned ei nemnd som skal avgjera om kanalen bør straffa familien, eller tilsetja dei i staden.

det er ikkje klokt, men vonleg meir sjarmerande enn skræmande. velartikulerte er me då, i minsto.