i kveld er det fest for alle som går og har gått på bachelorprogrammet Språk og Informasjon. me feirar oss sjølve sidan programmet skal leggjast ned no, eller noko i den leidi. eg burde vore i dusjen for lenge sidan, men strir framleis med å avgjera kva for klede eg har som samsvarar med kleskoden “uformelt pyntet”.

etter ei lengre økt med solkrem og avis, fann eg løysinga. kven treng å ottast for klede, når ein kan koma i artikkelutdrag frå Dag og Tid! det bør jo vera innaføre dei fleste kodar.