høyrest ut som ein piknik ute på eit stort jorde, eit slikt som det står eit stort tre (nesten heilt sikkert ei eik) midt på. graset er nett klypt. alle har lange hippiekjolar, eller slike klede som Idgie i stekte grønne tomater. dei er halvvegs nedi vinen. det har nett byrja å regna. så no har alle trekt inn under treet, og står tett i hop (sjølv om det ikkje trengst, for det er god plass), ser ut på regnet og ventar på at det skal gje seg.