ein fortvila professor på tysk nettradio, fortalde at han somtid berre var aldeles nøydd til å gugla studentane sine. dette gjorde han for å finna ut om dei var kvinner eller menn. kjønnsleg tilhøyrsle var avgjerande å kjenna til for å få opningsfrasene i e-postar rett, og der er det utenkjeleg å gjera feil, må vita. professoren laut difor, særs motviljug, søkja opp førenamna til studentane i gugel, og dinest sjå kva for kjønn som dominerte på bileta. den underliggjande bodskapen i det han sa, var at slike søk eigentleg ikkje høver seg. men må ein så må ein.

mitt tyske samvit (det er lite!) reagerte med å skjemmast så det putra litevetta i mergen. tenkjer me oss ei liste som til dømes heiter “universitetsrelaterte syslar ida nyttar tid på”, ser ho om lag slik ut:
1. obligatoriske aktivitetar studia fører med seg.
2.  gugling av universitetstilsette og medstudentar, type hemningslaus.

og andrepunktet er ikkje fyrst og fremst for å kunna avgjera kva for kjønn dei har. søka er i det heile teke nokså grunnlause. i mine krinsar (kollokviegrupper) har det mest vorte tevling av slik aktivitet på veven. me er berre ute etter personleg sladder og gamle bilete. (attraktive førelesarar vil me ha nye bilete av). dei som gjev minst av seg sjølve i førelesingane, er mest interessante.

men no kjem altså det vesle tyske samvitet mitt på banen, og ber meg om å taka eit oppgjer med dette. som straff for mi umoralske framferd på veven, har eg difor gugla meg sjølv. dette er kva eg fann:

vanleg (tekst)søk

1. desse var på byen i helga – ei gong i 2006. kjendis.no! både buksedress og raudt hår! og herregud eg har studert lenge.
2. – 6. nynorskrelaterte ting.
7. – 10. ei som ikkje er eg.

etter kvart finn ein bloggen. så gadd eg ikkje bla lenger bakover. (framover?)

biletsøk

side 1:
1. facebook
2. facebook
3. biletet frå kjendis.no.
4. ein blome som fører inn mot det siste fagutvalet på germanistisk institutt (som ikkje finst meir).
5. – 10. facebook

side 2: nynorskrelaterte bilete frå bloggen til studentmållaget.

side 5: fleire nynorskbilete. mellom anna då me skipa mållag i Austevoll.

dette er altså vev-versjonen av meg.
med same skjorta. same neglelakken. ikkje same dag.