i går var fyrste møte i kvinneforeininga, eller snarare konseptet, “drikk og strikk”. det kjem vel greitt fram av bileta kva det gjekk ut på, og det skal so absolutt gjentakast. sjølv om alt av drikke kan nyttast, fann me ut at særleg kombinasjonen “rusdrikk og strikk” bør spreiast til folket. dette fann me ut etter å ha strikka med slik drikk sjølve nokre timar. særleg bør ungdommen og dei urolege foreldra deira slengja seg på trenden – strikkinga stel nemleg fort merksemda frå drikkinga. etter at ein har drukke på seg einspora strikkefokus, vel å merka. men det går fort.

som einkvar skjønar, kan konseptet ha positiv verknad på ungdomsfylla det er sesong for no. send nyste og pinnar med halvstyvingen når han fer på fest, so får han garantert ikkje drukke så mykje som frykta. eg har allereie tipsa russebror min, men fekk ikkje den overveldande responsen eg venta. venteleg sit han og strir med eit vandt flettemønster på ein stein i Moen.

skulle ungdommen syna seg å vera skeptisk til strikkinga (dei skal jo helst gjera litt opprør), har foreininga laga nokon fræske overtalande ordspel: “drikk og strikk, gut – du vil vel ikkje vera ein av dei som syr og spyr?”. til sist vil me poengtera at det berre er strikking som gjeld – hekling og kjekling gjer ingen god fest.