ein unemneleg fjernsynskanal utsette meg nett for musikkvideoen til “grenade” med Bruno Mars. pretty much den teitaste songen som finst. les sjølv:

I’d catch a grenade for ya (yeah, yeah, yeah)
Throw my hand on a blade for ya (yeah, yeah, yeah)
I’d jump in front of a train for ya (yeah, yeah , yeah)
You know I'd do anything for ya (yeah, yeah, yeah)

Oh, oh

I would go through all this pain,
Take a bullet straight through my brain,
Yes, I would die for ya baby;
But you won't do the same

SJØLVSAGT VIL HO IKKJE DET, HO ER DÅ IKKJE IDIOT HELLER. kvifor er det forresten bra å ta i mot granater og skyta seg i hovudet for nokon, slik det ser ut som Bruno Mars meiner? kva for ei kjærleiksutsegn er dèt? Bruno, tenk deg om: kvifor skulle ho vilja ha tilsvarande kjensler for deg, viss det er ei overhengande fare for at du går hen og døyr ved fyrste og beste høve, for å prova kjærleiken din til henne? altså, nei. skjerpings.

vert ròtasongen betre med bilete til? nei, og eg skal difor skildra handlinga relativt kortfatta, så de slepp å sjå henne sjølv: det byrjar klassisk med regn på ruta og Bruno som sit og sutrar i ei krå. så må Bruno ha fått for seg at han må gjera noko nyskapande med videoen sin – sutring til regn har me sett før. så me får eit vêrskifte til strålande sol, noko som berre er trasig for Bruno, som no har teke til å trekkja eit piano etter seg, av uvisse grunnar. dette held han fram med videoen ut, med dei vanskar det fører med seg. det vert dårleg stemning når han heftar trafikken i ein tunnel, og han vert trakassert av nokre tøffe karar i eit lugubert strok. om lag her tenkte eg at dette kanskje er ein song til eit piano? det kan jo forklara kvifor Bruno får så låk respons, jf.: you won’t do the same. pianoet kan jo ikkje gjera så mykje. dinest sleper Bruno pianoet inn i tunet til ei mystisk kvinne, som er dels skjult bak ei gardin. dette har me òg sett før. her skjer det ingenting (korleis ville du reagert om ein notorisk pessimist troppa opp på plenen din med eit piano på slep?), så Bruno snur og går att. det endar – som førespegla i teksten – på togskinnene, med piano og det heile.

han skal ha for at song og video står i stil, elles lyt eg trekkja for alt. sympatien min ligg utelukkande hjå pianoet.