det er litt Island i alt dette vatnet som kjem. eg er lett å overtyda; regnet i dag er den beste nedbøren eg veit. Eldrid Lunden skulle vore her og skildra.

og vel er ho her, kjensla av for lange nedbørsperiodar. ho legg seg um hovudet slik vin gjer dagen etter ein drakk han, men ho har – sjølvsagt og særleg på ein slik dag – lite å stilla opp med mot Sigur Rós.