(ikkje særskilt bra?) songen har spunne i hovudet ei veke, utan at eg hugsa korkje melodien, namnet på han eller artisten bak. ja, det er mogeleg. eg visste berre at eg sakna ein song som var litt sånn som Peanuts & Jellybeans med Kaia og Revolver med Philter. slik det verkar for meg og mine uryddige indre kategoriar. eg vurderte å senda e-post til The Nam for å etterlysa songen; forklara at fellesnemnaren mellom desse tre songane var noko med fargar, særleg grønt med litt rosa i, på mørkegrå bakgrunn. at ho då måtte skjøna at den siste songen måtte vera Walk Through Walls med Kyla La Grange?

forresten visste eg òg at det var W eller M med i namnet. det er jo same bokstav…