nokre dagar før og ei samtale mellom meg, for høvet med raud leppestift, og ein tilfeldig mann godt over førti. (for i fall de trudde noko anna, jenter, så verkar raud leppestift berre på menn i denne alderen. av liknande episodar kan nemnast ein bussjåfør som rett nok skulle til Åsane terminal, men som hadde køyrd meg dit uansett kvar ruta elles gjekk.)

om lag slik:

mann (vender seg mot meg og seier noko eg ikkje høyrer, av di eg høyrer på musikk): …
eg: ha?
mann: …studentsenteret?
eg: ja, det er nett bakom der (peikar)
mann: eg skal opp i kantina, høyrer dei har rjomegraut der! …eg håpar du òg skal dit, at du ikkje skal opp i parken?
(Nygårdsparken – for uinnvidde: narkotikareir)
eg (inni meg): ser eg ut som eg skal i parken??!
(høgt): skal ikkje opp i parken nei! eg skal på trening på studentsenteret.
mann: det er bra du ikkje skal i parken. det er synd når slike unge jenter som du vert dregne inn i det der!
eg: janei, eg har no ikkje tenkt å verta det!
mann: det er bra. men trena inne i slikt vêr? skal eg seia deg kva eg ville gjort?
eg (inni meg): det skal du nok!
mann: eg ville teke sykkelen min og sykla ut i skogen! det ville eg gjort!
eg (framleis inni meg): skal eg seia noko om allergi no? takk for at du minner meg på at eg må trena inne i finvêret sjølv om eg heller vil springa ute!
(jattar): ja, det høyrest fint ut, men det er jo ikkje nokon skog ein kan sykla i her…
mann: åjo! det er berre å sykla Haugesundsvegen! før du veit ordet av det er du langt ute i Fana, og der er det skog!
eg: å? då skal eg gjera det ein dag!
mann (ved trappa i senteret): det må du gjera. eg går opp her – hugs at du ikkje må øydeleggja livet ditt!
eg: nei, det har eg då ikkje tenkt å gjera!
mann: bra! hadet!
eg: hadet!