del I
*

femogtjueårskrisa spurde meg om eg hadde funne ut kven eg var no, sidan eg hadde brukt ein fjerdedel til å tenkja meg om. eg er like vis, men så tenkte eg jo fint lite i byrjinga av fjerdedelen? refleksjon før fylte 19 kan jo ikkje reknast med her. det er uvisst om slikt noko fann stad i det heile. for å koma nærare eit svar freista eg finna det som har vore med meg alle dei femogtjue åra. eller så lenge eg kan minnast, vertfall:

steinar (store til å klatra på, og glatte eller fine til å berre lika eller halda) og
tre (til å klatra i, eller vera under). eit nærskyldt stikkord er ute.
katt. eg greier meg greitt utan, men det hadde vore kjekkare med.
nyfikne. ofte i samanheng med ei uro dei fleste kallar – eller tolkar som – utolmod.
ho er eigentleg ei sterk vilje som ikkje veit heilt, og difor ikkje har noko klårt mål eller viss retning.

del II
*

og det hadde blitt varsla regn
og dei drøymde om tunge grøne dagar
svale, matte morgonar etter søvn på store blad
så var sola der
og lyset stirde som før

~ Eldrid Lunden