her om dagen fretta eg at lærarane gjer opprør mot sidemålsstilen. 600 lærarar skal vera involverte, og dei er leia av Ane-Lin Strømholm. opprøret går så stilt føre seg, at det er uråd å finna informasjon om det. spørsmåla som melder seg er då
1) kan ein verkeleg kalla ei slik smålåten rørsle for eit opprør? og
2) korleis skal ein knekka ut gode argument mot lærarmotstanden, når ein ikkje veit kva desse lærarane meiner? og
3) har dei opprørske lærarane berre teke helg, og kjem styrkt attende til saka i morgon?

det einaste eg har funne ut, er at Strømholm vil ha saklege grunnar for å halda fram med sidemålsundervisning. eg har tenkt å tenkja på slike grunnar dei neste dagane. hjelp meg gjerne litt viss du sjølv har tenkt noko lurt om dette! så skal eg koma ho turt og sakleg i møte. eg har ikkje, som ho, prøvd å undervisa i sidemål (her: nynorsk) i 15 år, og er difor ute på særs utrygg grunn. og eg veit det.

noko anna eg veit, er at eg ikkje meistrar turt og sakleg i det heile. eg freistar difor å fjasa frå meg på førehand, så eg unngår å verta ført ut i freisting seinare. det skal eg etter kvart til med i denne teksten. for tidlegare i dag pønska eg på kva som kan gjera sidemålsundervisninga betre, slik eg ofte gjer. nynorskundervisning, med andre ord. her er eit tiltak eg trur kan fungera veldig greitt:

nytt sidemålet (nynorsk altså) som bruksspråk i undervisninga, på tavla og i materiale du deler ut til elevane og slikt. lat det verta ein sjølvsagt del av skulekvardagen. elevane møter bokmål overalt elles, det trengst ikkje så mykje input for å læra det. vidare er det ingenting i vegen for å nytta sidemålet (framleis nynorsk) som undervisningsspråk i andre fag òg. då vil elevane få eit meir variert ordtilfang, sidan dei møter nynorsk innanfor andre emne enn dei norskfaglege. difor nyttar du sjølvsagt nynorsk i dine eigne fag, og freistar påverka kollegaene dine til å gjera det same. (om kollegaen ikkje vil bruka nynorsk sjølv, kan i minsto bøkene til elevane vera på nynorsk. om elevane har bok på sidemålet sitt, får dei også mykje trening i å omformulera læreboktekst til sine eigne ord. det treng dei.)

[no tek fjaset til]
skulle kollegaene vera vanskelege å påverka i rett leid, minn deg på at i krig og kjærleik (dette er kjærleik) er alt lov;

1. ver med i nemndene som tingar lærebøker, få ansvaret for sjølve tinginga, vel nynorske bøker og orsak det med at “noko gjekk gale med nettsida”. skulen har garantert ikkje råd til dobbelt sett, og heller ikkje tid til å tinga nye (sidan skulen strengt tatt har byrja for tre veker sidan når bøkene fyrst kjem). eg veit ikkje om taktikken funkar best viss han er utførd av dei unge og uerfarne (men veldig skjønne på ein naiv-optimistisk måte), eller dei med lang røynsle. sistnemnde har større sjangs til å koma med i boknemnda i fyrste omgang. fyrstnemnde er kanskje lettare å orsaka for slike nybyrjarfeil, men vert gjerne tilskrivne større datakompetanse enn sistnemnde, som er meir truande til å faktisk gjera slike feil utan å meina det.
konklusjon: inga orsaking for å lata vera for nokon av dykk.

2. gå personleg til verks – legg deg diskré etter nokre utvalde kollegaer. gå etter dei flinkaste, med flest mogeleg fag. om dei samstundes ikkje er så veldig vane med å få slik merksemd, er det bra (vil eg tru).  viss du ikkje meiner noko meir med det, er det lurt å gå så forsiktig fram at du lett kan koma deg ut or det att, elles er det berre å køyra på. målet er også her å få dei utvalde til å gjera meir av faget sitt på nynorsk, ved å sjarmera deg sjølv og nynorsken inn i undervisninga deira. her trur eg alder og erfaring har ekstremt lite å seia, så lenge opplegget verkar truverdig for dei involverte. lærarar rett rundt 40 har nok ei føremon, for dei kan like naturleg gå etter 30-åringane som dei over 50. hugs å ta føre deg berre ein kollega om gongen, så arbeidet ikkje forsvinn i intrigar på lærarrommet. med mindre intrigane gagnar saka di, så klart, jf: “ja, eg veit me hadde avtalt å sjå på prøvar no, men eg hjelper heller Line med å leita etter holemaskina. for sjå dei fantastiske historiske oversyna hennar, då! åh, og ho skriv jo betre nynorsk enn Vinje sjølv! klårt som ein fjellbekk…snakka ikkje du om å laga noko slikt i religion?”