andre samling i kvinneforeininga drikk&strikk fann stad for rett lenge sidan, to veker eller so. kvaliteten på kveldens strikk var det lite å seia på. kveldens drikk, på hi sida, greidde nok ikkje heilt å nå opp til raudvinen me nytta fyrste samlinga. teen vart jo kald før ein hadde runda rundpinnen! is-te kan vera ein utveg for å sleppa slikt. ein litt kjekkare utveg er å slengja seg på kvitvinen, helst i ein park med fint vêr. men frykt ikkje, du uroa og anonyme mor, langtidsvarselet ser ikkje ut til å oppmoda til slik alkoholhaldig strikkesutling denne veka her, heller.