i dag, 20:23:

“Du skal slutta med den forferdelege undervisninga med det same.”
“Unnskyld, men det skal eg ikkje. Eg skal halda fram med henne som vanleg. Eg skal halda meg for meg sjølv heile dagen, slik eg er van med. De kan senda bod etter meg om kvelden om De har lyst, men [shh-k-shh-k-shh-k-shh-k*]”

* CD-spelaren sine siste sukk. i ei heftig samtale mellom herr Rochester og Jane Eyre på tysk lydbok.

dette inntreff ei lita veke etter at øyretelefonane til mp3-spelaren (mobilen) flata ut etter ein lengre kamp mot sine eigne konstruksjonsveikskapar. mobilselskapet kan nemleg laga og selja kva skit som helst, av di det berre er deira øyretelefonar som kan nyttast til mobiltelefonane likevel. det skal rett nok finnast ein kabel som løyser denne vansken, hadde eg høyrt, og ein slik var eg på leit etter tidlegare i dag. då hadde eg ikkje teke høgd for kor intenst gamal mobilen min faktisk er, 3-4 år eller so. “men, korleis kan han ha greidd seg so lenge?” lurer du kanskje på, og visst måtte han vølast etter berre eit halvt år. kva som har fenge han til å greia seg sopass lenge etter det, er ei gåte for meg òg. sidan telefonen no er vorten sopass gamal, burde det vel ikkje vore korkje overraskande eller skuffande at den der kabelen ikkje er i sal lenger. eg vart skikkeleg skuffa, men ikkje det grann overraska.

radioen på CD-spelaren er framleis i full vigør (inshallah), mest truleg kassettspelaren òg. so då er det attende til spelelistene åt p3, ispedd Eurovisionkassetten ’86 og Jannicke. vert saknet etter litterær daning for påtrengjande, får Ramnen av Edgar Allan Poe gjera nytten. den finaste kassetten eg har.

mi djupaste medkjensle til naboane.