med ujamne mellomrom prøver me nordiskjentene å få i stand hendinga Tak for Øl (dansk). no har me helde på med planleggjinga i om lag eit år, og denne helga var me nærare ølet enn nokon gong tidlegare. så synte det seg at ein fjerdedel var på Stord, og ein annan fjerdedel var pinsefast i Florø. dei to siste fjerdedelane sutla litt med øl åleine, men det var ikkje i nærleiken av noko Tak for Øl. men neste gong!

medan ein ventar på neste gong, kan ein setja seg nærare inn i bakgrunnen for Tak for Øl: boka Hærverk av Tom Kristensen. me er relativt samstemde i at dette var ei heilt forferdeleg bok å lesa. samstundes er det ikkje til å koma frå at ho er det pensumverket me har hengt oss mest opp i. innan eg fann fram notatane frå førelesinga, hugsa eg at det handla om ein mann, Jastrau, som trudde han hadde mist jobben, og så ville “gaae i Hunderne”. dette gjer han på pub, såklart. så fann eg notatane frå førelesinga, og såg at dette måtte eg berre dela – til underhaldning og repetisjon for særs få, og for dykk andre: eit eksklusivt innsyn i litteraturførelesing på nordisk hundrenivå.

den framifrå hierarkistrukturen eg nyttar i notata, er diverre uråd å spegla i bloggformat. notatane er litt ryddigare enn her, elles gjev eg det heile att utan endringar, men uthevar det kjekkaste (for meg). sidetala gjev meining om du har den gamle grøne boka frå universitetsbiblioteket, ho som er så gamal at dansk framleis nyttar stor førebokstav på substantiva.

Tom Kristensen: Hærverk                                      18.11.09

Aage Jørgensen: Omkring Hærverk (1968)

Gjennomgåande slakta i 1930
– mangla distanse til hovudperson
Jastrau – jazztrav – fox trot – travar rundt i jazzen
– “legejournal over drankelastens ofre”

– norske kritikarar meir positive – Hamsun, Sigurd Hoel
– nykelroman, Kristensen har sjølv vore redaktør (?) i Politiken, mist jobben grunna fyll
– sjølvbiografisk

ekspressjonisme

kritisert for gjentaking
– skildring av Jastrau sitt psykiske og fysiske forfall, plotet er uvesentleg, episodane viktige
– gjentaking er eit poeng

Jastrau vil bryta med kritikarklisjéane – alternativet er verre, men blir sjølv ein alkoholisert klisjé – modernistisk

modernismens paradoks

fysisk og psykisk destruksjon av personane
– [dekadanse]roman
– “Trette menn” Garborg
– metafysisk motivert

dekadensens metafysikk: forfallet gjev ei priviligert innsikt
– ekstremtilstandar er priviligerte
– alternativ til kvardagen
“stjernene lyser opp før dei dør”
gamal tradisjon, religion (katolisisme), Nietsche, Freud, J. Joyce

fører fyllerøret til priviligert innsikt? filosofiske tankar?

innsikt at dette står i eit tilhøve til livet dei vanlegvis lever.
– Jastrau sin livsfilosofi – sine filosofiske vurderingar opp mot livet han lever

Grotesk bruk av Nietsche – gjentaking
– “den evige gjenkomst av det samme”
Nietsche i fjella i Sveits: hovudpoeng: kriterium på overmennesket

– for å leva som overmenneske må ein tola å gjenta sine handlingar i det uendelege.
– heilt motsett av Jastrau sine barturar – sjølvbedrag

Samtale med fru Krüger (del 4)
– glimt av innsikt. skildrar seg sjølv (Jastrau) – bli eit akvarium, passiv metafor, vilja er borte, jeget vil leva eit assosiativt liv, tom behaldar – Jesus symbolisert ved fisk
– umedvitne impulsar kan symja inn. gode og dårlege.

Nykelroman: tett band mellom fiksjon og røynd.

Gjentaking som komposotorisk prinsipp
– filosofi i samband med Nietsche, men i tillegg:
kverning på uttrykk, klisjéar “den evige Kjær” – epitet, emblem
– gjentaking av personkarakter

-spegelvendte episodar – tiggar i byrjinga “det gives ikke ved dørene”
420 – snakkar om tiggaren

Forteljarhandling
– knytt opp til Jastrau

forteljaren syner seg gjennom konstruktive grep.

Oppløysing av jeget
– akvariemetaforen
oppløysing av subjekt og objekt – blir inntrykk! barturar, stemningar
– samanheng fordi S og O er avhengige av kvarandre

brannen – drastisk destruksjon (4. del)
– alle gjenstandar går til grunne

397 – “det er meg revnende likegyldig…”
el Greco – førebilete for ekspresjonisme

Jastrau ser verda som kubistane (frå fleire side samstundes, fragmentert

Maskeklisjé, menneska er masker. mange referansar til dette. 156.

røynda er “skinn”
likegyldigheit til verda, godtek at alt er spel – modernistisk euforisme

56: titteldikt – lengt etter øydeleggjing, destruksjon
forfallet forbunde med det uendelege
– kva vert att av livet om ein brenn alle bruer?
– negativ teologi.

Jazz symbol på forfallet, knytt til dekadanse (205) – “klagende saksofon

Freudiansk: ödipus… dei fårlege fiskane

modernismens problem