nedst i ei øskje med kladdebøker frå barneskulen (dei var på loftet!), låg ei lita bok som heiter “plagg”. anonym mor og tante kan kanskje greia nærare ut om den forkortinga? eg kunne ikkje lesa på den tida, men no syner det seg at plagg-boka tek føre seg kva for aktivitetar eg heldt på med i barnehagen, og kvifor eg har valt dei. med andre ord: gilde ting eg sa då eg var 4-6 år, ofte særs muntleg nedskrive.

torsdag 2/5 -91 (4 år)
aktivitet: tegning
grunngjeving: vil tegne ein løyen mann
utkome: eg tegna ein løyen mann, etterpå tegna eg vårt hus så tegna eg handa mi og eit flagg. det var moro å tegne.

tirsdag 4/6 -91 (5 år)
aktivitet: dokkekroken
grunngjeving: eg vil leika storesyster.
(leiken er gått over til dyreverden. pusekatt, hund og dyreklinikk)
utkome: eg var litt hund og litt pus.

mandag 2/9 -91
aktivitet: togbane
grunngjeving: togbane. eg bygge togbane, og køyrer med da dar. (peikar på toget sitt)

mandag 16/9 -91
aktivitet: leika i dokkehuset.
grunngjeving: eg seie ingenting.

mandag 27/1 -92
aktivitet: togbane
grunngjeving: eg skal ikkje leike lokomotivet Thomas for eg har tre vogner, Thomas har berre to vogner.
utkome: eg tok vekk ei vogn så leika eg lokomotivet Thomas allikevel, så bytte eg med Frode. eg var ferjemann.

mandag 16/3 -92
aktivitet: tegning
grunngjeving: eg vil tegne ein tillenaken mann om sommaren.
utkome: eg tegna den tillenakne mannen eg hadde tenkt, så tegna eg eit hus, ein katt og eit flagg.

mandag 9/11 -92 (6 år)
aktivitet: lego
grunngjeving: eg og Line hadde avtala det. me sa spel eller lego saman – so sa Line lego so sa eg da. veit ikkje – har kje peiling ka eg ska laga – eg ska laga noko eg ska laga – vel!
utkome: eg lekte med lego-hus. eg vil byta fø’da eg ville byta.
ny aktivitet: bilar
grunngjeving: eg vil leike med småbilar.
utkome: eg leika at me skulle på jobb og aldri kom fram.

eg er ikkje noko overraska over at eg teikna tillenakne og løygne menn. det var jo humoren på den tida. men kva i allsin dar er greia med flagga?