det er voss cup, og i dag spelte fyrsteklassegutane kamp. det vart uavgjort 2-2 mot Fyllingen frå Bergen. langsmed banen var det sett opp eit lite smalagjerde, slik at dei som ikkje hadde noko ute på banen å gjera (foreldra), ikkje skulle koma seg ut på banen og gjera noko der. kvit strek er ikkje lenger tilrekkjeleg.

gjerdet var ikkje straumførande.

nokre foreldre, med videokamera og heller avansert fotballterminologi, såg difor sitt snitt til å koma seg over gjerdet, og verta verande innom – på banen. då kampen var slutt, slengde dei skit om dommaren. nei, dei slengde skit om samtlege dommarar dei hadde møtt denne cupen.

me er no komne til tevlinga, nemleg:

(jadå, det er eigentleg ei røysting. for lett til å få vinst for uansett.)