gras var det me skreiv i tekstane våre for å gjera dei lengre, samt eit generelt omgrep for alt keisamt og trått. elles var graset høgst konkret, intenst til stades i arbeid og fri. høylause finvêrsdagar kunne me liggja i eit anna gras, finna norrøne æser i himmelen, og le av dei.