vert til litt etter kvart. den spede byrjinga:

LCD sound system
det ferskaste tilskotet – Julie og eg høyrde sisteplata deira på café på bursdagen min. seinare på dagen laut eg gå attende og spørja kva dei hadde spelt, og kjøpa plata til meg sjølv. “dance yrself clean” liker eg godt, men songane er nokså ulike, eigentleg.

David Bowie
ja, kvar skal ein byrja? sjølv byrja eg på 70-talet, men det er jo ikkje mindre enn 11 plater då. Av desse har eg fire, liker alle: The rise and fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, Aladdin Sane, Hunky Dory, Diamond dogs (eller 1984-musikalen Bowie ville laga, om du vil. etter Orwellboka.). elles har mannen gjort det kunsstykket å laga noko skapleg på nittitalet, for meg representert med Earthling, som ikkje liknar på noko av det frå 70-åra. Berre for å syna spennet i produksjonen, her er “Time” frå 70-talet og “Little wonder” frå 1997. so har me jo “Helden”, då, den tyske versjonen av “Heroes” – her i ein dubba versjon av den engelske musikkvideoen.  haha!!

Regina Spektor
eg liker Soviet Kitsch og Begin to Hope best av dei platene eg har høyrd, men eg har kanskje ikkje blitt godt nok kjend med Far endå.  “Ghost of Cooporate Future” og “Us” (frå SK) eller “Fidelity” (frå BtH). “Eet” frå Far.

Kent
desse ligg an til ein like valdsam produksjon som Bowie, med sånn typ ei plate i året. eg har ikkje høyrd nok til å vita kva som er best, men liker godt B-sidor og Tillbaka til samtiden.  eller forresten, det beste er jo at det er svensk og melankolsk, representert ved “Elever“. elles: “Columbus” og “Gummiband“.

*
framhald I:

Led Zeppelin
avslappande rock frå 70-talet. høver bra til vestlandske kvardagar med regn og te. på dei dagane når ein er trøytt og glad, og dei dagane kor ein enno ei gong stadfestar at alle dei finaste er gifte eller på feil lag. roar ein ned eller girar ein opp, alt etter som. eg har platene som heiter Led Zeppelin III, som eg skildra tidlegare i sumar, og Houses of the Holy. eg kjenner dei som heilskapar og ikkje einskildspor, men “The Rain Song” frå Hoth syner nokså bra kva det går i.

Raymond & Maria
bitter-realistiske svenskar som visesyng om korleis verda verkeleg er, i staden for korleis ho burde vera. fint å høyra på dei gongene eg tenkjer at det er meg det er noko gale med, medan det i røynda er alle andre som er teite. og det er R&M heilt samde i. på svensk. t.d. “ingen vill veta vart du köpt din tröja” (som du sikkert har høyrt) og “varför ska vi göra allt igen“.

varför ska jag ha ett jobb som någon annan
redan haft och varför ska jag göra allt igen
varför ska vi vara där alla andra redan varit
och varför ska vi göra allt igen

Susanne Sundfør
på fyrsteskiva likte eg radiohitane “Walls” og “Gravity“, på andreskiva (The Brothel) elskar eg alt! fader til bra! er spesielt glad i Narnia-songen “Turkish Delight“, og “It’s All Gone Tomorrow“. eg er òg veldig glad i songen ho syng saman med Timbuktu, “Kapitulera” (merk at han syng “framtiden är så ljus att eg må ha solbrillor” – til Lars Vaular?!)

*
Framhald II:

Kate Bush
lèt deg vera i ein djup skinnstol i ei høvisk stove i eit stort engelsk herskapshus (underforstått: i england), medan du høyrer på skiva Lionhearth. det er engelsk skitvêr utanføre, men du har te og/eller noko sterkt for halsen, so det gjer ikkje noko. The Kick Inside er også fin, og det er elles den fyrste skiva eg fekk – då eg var sånn 11-12 år. nøgd med det. høyr “Strange Phenomena” (TKI) og “Hammer horror” (Lionhearth). mykje danseinspirasjon i sistnemnde. spinnvillt. hm…føler kanskje den songen vart litt øydelagd for meg no. og attpå ser at alle videoane hennar er slik.

Sigur Rós
høver til absolutt alt, og kvar som helst. og dei lagar dei finaste musikkvideoane. det passar bra når du har mist trua på dèt konseptet ved å utsetja deg for galskapen og åttitalsfilmtriksa til Kate Bush. eg liker godt det albumet som heiter Takk… herfrå kan du til dømes høyra og sjå “Hollipolla” og verta glad inn i mergen. ein annan som har særs fin video er “Viðrar væl til loftarása“. og så fann eg nett ein inst god fan-video til “Ára Bátur“. andre fine er “Njosnavelin” og “Með Suð Í Eyrum“. det er også eit must å få med seg Björk få vera med og spela på tromme som eit barn.

framhald III:

Harrys gym
desse oppdaga eg då dei varma opp for Marina and the diamonds på Bergenfest i år. det var på høg tid. no liker eg dei betre enn ho eg eigentleg kom for å sjå, og gler meg til å få løn for då skal eg investera. dette er rus i si reinaste form. lat oss spela det utandørs og dansa som galne på graset! eg liker korleis dei byggjer opp songane slik at dei er rolege og inntagande, herleg suggererande samstundes. høyr “Extraordinary Girl” og “Old Man“, før du leitar opp alt det andre som ligg på youtube og høyrer det òg, fordi du kjenner at du må.

Rockettothesky
har eit litt elsk-hat-tilhøve til ho her. ho evnar å laga songar som er max irriterande (tekstane er sikkert bra men eg orkar jo ikkje høyra dei gjennom irriterande framandgjeringseffektar), samstundes lagar ho musikk innaføre ein feministisk tradisjon, og då får det vera greitt. me kan godt vera litt irriterande om det er det som må til. det er diverre ikkje så mykje som er tilgjengeleg på nett (flott! sel deg ikkje billeg!), mine favorittar mellom det som er der er “On Cherry Tree Song“, frå albumet To sing you apple trees, og “The dead dead watherlily thing” frå Medea. best av alt liker eg “Too many Emmas”, som eg her siterer vilt frå, sjølv om teksten seier lite utan steminga i melodien attåt:

There are too many Emmas, too many Emmas, there are too many Emmas making up my street as they go –
There are too many legs, and too many ankles! Going up and down and up and down…this body.

Earth, swallow them
and pluck Emma between your teeth
and your tongue
(if you see him,
see Neil,
tell him:
Jen says hi,
I said hello)

We were fourteen, fifteen perhaps twenty-two and you had chest hair growing out of your shirt
I should have done something, I should have turned my head
but they were
Too many, too soon.

The Knife
svensk elektronika, så vidt eg kan døma om sjanger. albumet eg høyrer mest på er Silent Shout, liker eigentleg heile skiva, men byrja sjølv med “Marble House” og det var ei god byrjing. “Forest families” og “We Share Our Mother’s Health” liker eg òg. dei andre albuma (som eg trur er eldre, og ikkje veit kva heiter ei gon) har eg ikkje spelt like mykje, derfrå liker eg “Hearthbeats“, “Pass this on” og “Parade” (trekkspel!?).