Hemmeligheten og båten.

Dette er ein historie om ein gut som heiter Einar. Faren hans er fiskar og Einar er van med å vere ute på sjøen å fiske. Historien startar den dagen Einar og nokre kameratar bestemmer seg for å tjuvlåne ein båt og dra ut for å fiske.

“Blir du med, Einar?” André set dei blå augo sine i Einar.
“Æ, ja, kanskje, eg meiner…”
“Blir du ikkje med?” Spør Knut-Erik, med ein lav, truande undertone i stemma.
“E jo da, eg blir med.” Einar veit at Knut-Erik er ein av dei gutane det ikkje er lurt å krangle med
“OK, i morgon klokka 11:45 presis, nede ved båten, for då er Johan i kyrkja allikevel,” seier André.
Gutane seier “hadet” og går i kvar sin retning heimover.

Einar ligg lenge før han sovnar den kvelden. Han sjønar ikkje heilt kva han har gitt seg ut på. Han såg på vêrmeldinga lørdag kveld og den lova slett ikkje godt. Den vesle hunden hans, Tassen, kjem inn og set seg ved senga til Einar. Einar lyfter terrien opp til seg og klapper han. Han sovnar med hunden i armane og eit smil rundt munnen, for no veit han akkurat kva han skal gjere…..

Vinden er kald og hard og regnet piskar mot gutane som står på stranda. Sydvesten til André bles av heile tida. Dei ser at Johan kjem ut av huset sitt og går mot kyrkja. Klokkene i tårnet slår. Når dei har slått ferdig er det heilt stille i rundt eit minutt før Knut-Erik roper “No!” og gutane stormer mot naustet til Johan.
Heldigvis er ikkje båten til Johan inne i naustet, den ligg fortøygd innmed bryggja og vipper (dupper) i bølgjene.
Knut-Erik legg fiskesakene i båten og André strever med sjømannsknutane til Johan.
“Kom og hjelp meg då, Einar, ikkje berre stå der!”
Einar har kniv og løyser båten. Det er ein stor båt med tak, som det sikkert går an å overnatte i. Knut-Erik og Einar dreg båten inn til bryggja og hopper ned på dekk der André alt står.
André starter båten og dei kjører utover. Ute ved Bjørkeholmen ser det ut til å vere litt finare vêr. Dei finn eit tre og fortøyer båten.
Einar frys og vil lage bål, men han får ikkje lov av dei to andre. “Nokon kan sjå røyken,” seier Knut-Erik. Det hadde vore litt utruleg i dette vêret, tenkjer Einar, men han let vere og henter fiskestonga si.

“Æsj, her var det dårleg med fisk!” seier André og ser på fangsten sin. 1 sjøstjerne, nokre tangklasar, 1 knøttliten fisk som ikkje går an til kattemat eingong, og ein klase blåskjel.
“Det er fjøre no,” seier Einar, “Me kan gå over til langenes og fiske der, for der er det brådjupt og ikkje så mykje tang.
Gutane går over og set seg til og fiske.

“Hei! Det har begynt å flø!” Knut-Erik sitt rop får André og Einar til å sjå seg omkring. Ja, sanneleg, mest all tangen var under vatn.
“Å, nei, me har sete her i over tre timar!” André såg på klokka si.
“Kva gjer me, sym over, eller venter seks, sju timar til det er fjøre igjen?”
“Sym over til Bjørke-holmen såklart, om fire timar er denne øya under vatn! Einar ser dei to andre får redde auge.
“Eg sym først!” Einar sklir ned svaberget og legg på svøm. Jammen var det kaldt dette her, men over skal han. Han høyrer dei andre kjem pesande etter.
Når dei går inn i båten eig ikkje Einar følelse i beina. Dei løyser ikkje båten, men går inn under tak og deler på dei to sengene som er der.
Der ligg André og Einar og søv godt, medan Knut-Erik sitt på golvet og hutrar og frys og av og til søv han litt han og.

“Einar?” Einar høyrer stemma til far.
Å, så lyst det var her då, tenkjer Einar, lyspæra i båten verka jo ikkje?
“Du er heime no,” seier far.
“Du kan tru vi var redde for deg, du skjønar, Johan ringte og sa at du og nokre andre gutar hadde drege ut med båten hans!”
“Å, ja.” seier Einar.
“Det var bra du skreiv den lappen,” sa far, ellers hadde vi ikkje funne dykk.
Einar hugsar lappen. Då André fikla med knuten, la Einar, i all løyndom, ein lapp med ein stein oppå, på dei sleipe bryggjeplankane.
Der stod det kor dei var og at dei berre hadde tenkt å fiske litt, og ikkje meinte noko vondt med det.
Johan slepp å lure på kvifor det var hans båt som måtte brukast, det var fordi det var den einaste båten som hadde tak og senger av alle båtane som fannst i ein omkrins på fleire kilometer.
Heilt på slutten av lappen stod det:  “Eg ville eigentlig ikkje vera med, med helsing Einar.

Så Johan hadde funne lappen, drege ut med båten til far til Einar. Utrulig nok hadde ingen av gutane vakna då båten kom, enda så mykkje den bråka, det var grunnen til at dei ikkje tok den. Så bytta han båt og køyrde heim att i sin eigen. Båten til far til Einar skulle dei hente i morgon.

Gutane slapp anna straff enn den dei hadde fått: Alle tre hadd fått forkjølelse og høg feber, og måtte halda senga i minst ei veke.