kjenslene i brytinga mellom keisamt å laga mat når ein ikkje skal dela han med nokon og herregud enn om eg øydelegg middagen for over tretti menneske? må opplevast. attendemeldingane tyder på at det helst gjekk greitt.

når det kveldast og middagen er ete og rydda vekk, er det godt å ha ein velutstyrd skuleplass kor ein kan fara gape åt.

mållagsleiaren, sundagsmorgon etter jubileumsfest, har fenge seg ein kopp kaffi, og er oppglødd over festmenyen kvelden før: “å få sjå den nye leiaren i språkrådet slurpa i seg gelé med sugerøyr, det…det var…det var berre…!”
(etter minnet)

prenta utan løyve:

Bror og syster, fram med brystet
stolte skal vi stige fram
Heile landet: med på ferda!
Synet skarpt og knappen blank.
Vest for Glomma, aust for Fjordane
Nordkapp, Agder, stig no fram!
Noreg, Noreg, über alles –
heile landet stig no fram.

før me sløkker ljoset: setja lånekortet på spel ved å [klamma fram] ein ny(norsk) tekst inni ei bok(mål) eg har lese ferdig. (brukte berre blyant.) det tek seg betre ut i kontekst, men han er levert inn att, må vita.

litt hadde du
eg tar kveld og smyg meg inn
inn or Atlanteren
som er taus og ror fast på land
Du står og skal – men er lite innstilt på å – bera andre også
no legg eg for min del anker
ryk alt av tau på riktig
det er ei med meg.
og eg vil helst forsiktig tilbake
fort
de gjeng tilbake til tauet.

delt tredjeplass i musikkappleiken, folane tre med “innkjøpslista”. her er fyrste vers av til saman ti, og dei som ikkje var til stades under kappleiken, kan få gjetta melodien:

gullauk og raudlauk og kvite lauk
purre, det er også lauk
poteter og røter av ymse slag
god salat
og uhorveleg med tomat

ettermiddagen me laga intervallmiddag medan me spelte fotballturnering samstundes. ein effektiv kombinasjon, ser ut til. dei tre laga med kvar sin kjøkenhjelpar gjorde det då særs godt, ikkje?

og alle klemmane eg får når eg dreg.