ei av desse kremutgåvene av bladet – og det skulle vel berre mangla når avisa no tek ferie i to veker. den nemnde avisferien tyder at alle de som ikkje får avisa i posten ein eller annan gong kring helga (alltid spanande å kanskje måtta venta heilt til måndag), aldri har hatt betre tid til å gå og handla gildskapen på eiga hand. men gjer det no! gjer det med ein gong! det er ei lita og ekslusiv avis, ho vert fort utseld no i sumarvarmen. for – når andre aviser berre skriv om vêret (på austlandet) og ferie-/syden-/fråvere av/ sex, skriv Dag og Tid slikt du faktisk vil lesa. artiklar og tekstar det er kjekt å lesa, endå om du ut frå overskrift eller tema ikkje ville lesa dei i utgangspunket. sjølv las eg til dømes om oppløysinga av Sovjetunionen. eg merka ikkje at eg las det før eg var halvvegs. då las eg resten av artikkelen òg.

her er det beste eg har lese i nummer 28-29 så langt. mellom det som ikkje nådde heilt opp, kan eg nemna at Ragnar Hovland har skrive Innsida denne gongen, at eg etter to år som bladtingar for fyrste gong kjende den litterære referansen til Tuppi – eg har lese det ekle diktet! det stod i ei norskbok på gymnaset! (eg vurderer å senda inn svar), og at Fridtun skriv om å koma ut or skåpet. delt fjerdeplass til dei. her er gull, sylv og bronse, ev. gull, A. Ravatn og A. Ravatn:

1.

hustrureglane til Oddgeir Osland.
(ta vare på fasaden/ ver umerkeleg behageleg til stades/ pliktene først. plikt er glede/ livet er ein fiksjon. lev poetisk)

frå teksten, og personleg råkande for nettnerden: “Når ein er åleine heile dagen, kan det fort verte til at ein gjer det ein har lettast for å gjere. Likar ein å vere på nettet, surfar ein rundt som om bølgjene aldri når land. Likar ein å skrive, kan ein bli sitjande framfor PC-en og leike med ord som ikkje fører nokon stad. Og slik kan dagen gå utan at ein skjønar kvar tida blei av, og det er ein knapp time til middag og ein har ikkje planlagt kva ein skal servere, langt mindre handla, rydda eller gjort det triveleg i huset.”

ja, det var no helst det med skrivinga som råka meg. middagen er jamt etter skjema, men eg skal jo ikkje servera han til nokon andre enn meg, så det vert ikkje dårleg stemning. eg vert berre meir svolten enn eg hadde tenkt. i dag har eg forresten gjort det triveleg i huset òg. medan eg skreiv inni meg.

2.

notisen om Dag Solstad på side 15. ein tekst Agnes Ravatn har sett i hop, kor Dag og Tid hyller 70-årsjubilanten med “ei uhøgtidleg kåring av dei seks mest komiske Dag Solstad-augneblinkane frå dei seinaste åra.” fyrsteplassen:

“Frå Hans Olav Brenners lange, uredigerte togreise saman med Solstad, for ‘Bokprogrammet’ på NRK:
– Som du kanskje forstår, er jeg Norges eneste anti-amerikaner.
– Eneste?
– Ja, eneste ordentlige anti-amerikaner.
– Hvor ordentlig er du da?
– Jeg hater Amerika. Jeg hater amerikansk kultur. Jeg hater amerikansk barne… barne… Jeg hater det derre… hællewædde… det derre når de kommer hjem og… hællewælle.
– Halloween?
– Ja, jeg klarer ikke å uttale det engang.”

3.

intervju med Håvard Friis Nilsen om forfattaren Ayn Rand. Ravatn her òg. utdrag:

“(N) – Det mange peikar på, er at dette er romanar som verkar sterkt i ein viss alder. Litt som å lese Mykle som syttenåring. Det har noko gymnasiastaktig over seg.
(R) – Er du litt nedlatande når du seier dette? Når me veit at Ayn Rand er favorittforfattaren til godt vaksne menneske som Siv Jensen og Geir A. Mo?
– No er eg faktisk litt i tvil om i kva grad dei faktisk har lese Rand. Det verkar som det er blitt fatta eit vedtak internt i Frp om at alle skal ha Rand som favorittforfattar. Alle svarar henne om dei blir spurde. Sjølv synest eg altså at det er ei prøving å lese henne. Den av bøkene hennar som er minst…
Jævlig?
– Minst jævlig, er den boka der ho ikkje så krampaktig prøver å vere meir amerikansk enn presidenten, We The Living.”