fyrste gongen,

ein regntung kveld i juni. me drikk te og øl til arbeidet, som for min del er dette:

eg har i det minste utstyret – eit ekte vindingabein – i orden. dette tok tid. me skal ikkje sjå vekk frå at det tok heile kvelden, endå eg etter kvart fekk hjelp.


kveldens drikk. begge delar, te som øl, tapa seg diverre veldig så fort me kom i gang med strikkinga. teen vart kald denne gongen òg, og ølet vart tamt.


her har eg fenge hjelp til vindinga, og fort går det!

andre gongen,

ein varm kveld i juli, i parken bak stadion.  ei biletforteljing.

me skulle til med ljossky aktivitet, drikking på offentleg stad, og anonymiserer oss sjølv i beste overgrepsartikkel-stil. det med anonymisering varer ikkje lenge, skal me få sjå allereie på neste bilete:

Camilla er i gang med, eller i ferd med å avslutta, det strikketyet som høver absolutt best på utandørsstrikk: eit pledd.



kveldens drikk: fransk vin eg importerte frå Bordeaux i fjor sumar. me prøvde å smaka oss til om den eittårige lagringa hadde gjort godt betre eller vondt verre, men hadde nok ikkje den naudsynte kompetansen til å avgjera det. men god var han då.

drikk på strikk!

den observante lesar får her mykje hjelp til å kjenna att garnet me laga nyste av på førre drikk&strikk-kveld. dei heimefrå vil også kjenna att dei raude strikkepinnane.
om det vert kjekkare å strikka med raude pinnar? å ja!

me er i gang, og pleddet er allereie teke i bruk. her ser ein òg at det er godt med rom for nye medlem i foreininga, særleg på parktilstelningane våre. det var ikkje fleire som strikka i parken denne kvelden. det var ikkje fleire som gjorde noko anna i parken heller.

eg har kanskje ikkje høve til å byta linse på kameraet, men kva gjer vel det når ein kan strikka seg ei? framgangsmåten kjem godt fram i Camilla sitt referat frå kvelden.

heftige effektar når strikk møter fotografi.

eg har forresten på meg gensaren eg strikka då foreininga var ung og ny (i mai).

ikkje noko å seia på utsikta! spesielt ikkje for dei som er over middels engasjerte i heisekranar. eg altså, viss de lurte.

strikk gjennom drikk! gjennom glaset, i alle fall.

strikkar og drikk gjennom strikk!