eg tenkjer at nesten alle var yngre enn eg. at eg er på feil side av landet, at eg heller ville rodd ein båt på det vatnet nett då. gjeve dei pledd og kakao. desse ungdommane som er dei sterkaste me har. som ikkje let seg skræma til togn, men fortel om det dei opplevde og om venene dei har mist. seier viss èin mann kan visa så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me alle kan visa. de er så flotte. eg er så stolt av å vera frå same land som dykk. eg skal kjempa saman med dykk for verdiane våre.