(eit gjesteinnlegg skrive av anonym mor. ho har laga overskrifta sjølv òg.)

I kjendisintervju får dei ofte spørsmål om yndlingsdingsen sin / kva dippedutt dei ikkje greier seg utan eller set umåteleg pris på. Eg har tenkt på kva eg ville ha svara på eit slikt spørsmål, og fram til i sommar har eg ikkje kome fram til noko godt svar. Eg likar helst opplevingar og å gjera ting, eg. Eg likar å skri på ski i nypreparerte løyper, eg likar å oldbedda, eg likar lukta og lufta som møter meg på ein flyplass i ”syden”, eg likar å sitja på eit skjær på Kosterøyane. Slike ting trur eg eg hadde vorte svært lei meg for ikkje å få oppleva meir.

Men no har eg og fått meg ein gjenstand som eg set utruleg stor pris på, den treng til og med elektrisitet for å verka! Dei som kjenner meg berre litt, veit at eg er langt under normalen interessert i elektriske og elektroniske hjelpemiddel/ tidtrøyte/ husafyll. Men i fjor kjøpte eg meg ein SAFTKOKAR!

Han var til og med på sal, og eg kjende meg som far til Emil i Lønneberget då eg pakka han ut heime på kjøkkenbordet – for eit vakkert syn, og så på tilbod!! Blank, lett, i stål og med ein søt plastslange – gjennomsiktig – med ei kjekk og velfungerande klemme på. Eg forstår til og med prosessen som skjer inni pannen når bæra vert omforma til saft. Med varme, sukker og vassdamp. ( Slike som er uintersserte i elektrisitet og elektronikk, dei balar nemleg litt med å forstå kjemiske reaksjonar òg dei. Her er eg og yngste sonen min totalt ulike.) Med saftkokar vert det lite søl ,og safta kan eg tappa rett ned i flaska!


Det vert stadig fleire vinflasker med skrukork på polet, og slik vin er det eg kjøper no. Med skrukork.

Før 2010 bala eg på med å sila saft gjennom silepose, og koka opp med sukker etterpå. Det hadde eg lært hjå mor mi og slik trudde eg det skulle gjerast. Men for eit søl og langsam prosess! Det vart klissete på heile kjøkkenet, og eg vart sveitt og varm og i dårleg humør.

I sommar har eg teke meg i å gle meg til å gå ned i hagen og plukka rips. Det har aldri hendt før. Det var ein sommar då eg var i 10 – 12 årsalderen at eg fekk plukka og levera til butikk, og såleis tena pengar på plukkinga, men eg kan ikkje hugsa at det gav meg like god motivasjon og glede som saftkokaren min gjer. Før saftkokaren si tid prøvde eg å få borna mine til å plukka, men det har heller ikkje vore stor suksess, motivasjonen har vore liten hjå dei og. Det er vel arveleg. Eg har heller ikkje kunna lokka med altfor mykje betaling for arbeidet, for då er prinsippet med å ha eigne bær bortkasta, vil eg seia. Dyr saft og syltetøy vert det og. Og politisk ukorrekt! Partiet som eg sympatiserer med legg stor vekt på solidaritet og miljø, og då kan ikkje eg oppføra meg som ein bedriftsleiar full av peng som skjemmer bort ungane mine i staden for å læra dei samarbeid, solidaritet og god dugnadsånd.

No får dei rett nok ikkje så mykje trening i dette sidan saftkokaren har gjort barneplukking overflødig, men dei har heldigvis sommarjobb alle fire.

Det er ein ting til som er fint med saftkokaren min. Han rommar ikkje meir enn 2-3 kg bær, og det er akkurat passe til ei hyggeleg stund i bærbuskane. Det tek om lag ein time. Stundom tek eg to slike økter i hagen, det kjem mykje an på veret og andre planar for dagen. Tida med stress og tyngjande krav i bærinnhaustinga er passé, takka vere saftkokaren min.

alle bileta: ida m/ sony ericsson