frå det rikhaldige sms-utkast-arkivet
15.04.2011 kl. 8:54

i natt drøymde eg litt ymse kor alt krinsa um 15 kr (ei femkrone og ei tikrone). fyrst prøvde eg å handla smågodt for pengane i ei slags kantine (kor ho frå kaffibaren på biblioteket sjølvsagt arbeidde, men det var ikkje ho eg handla med). i alle høve fekk eg alt for mykje snop og måtte betala 38 kr. det hadde eg jo ikkje, men kantina hadde ei liste over folk som skulda peng, så det ordna seg. det neste eg hugsar um dei femten kronene, er at eg legg dei på ei innsamlingsbøsse i ein butikk – stønad til færøyske gruvearbeidarar.

framhald: og i natt, i august altså, drøymde eg at eg var i ein liten ljos butikk kor innehavaren hadde funne ut korleis han kunne selja vin endå han ikkje hadde noko vinmonopol. han hadde berre vinen over på firkanta flasker som ikkje likna vinflasker i det heile, og som var gøymde inni blomemønstra metall-etui. eg skulle kjøpa jordbærvin, men så kjøpte eg ei kjempestor grapefrukt i staden.